Foto: Camilla Briså

Julebrev fra presidenten

Det er ei fantastisk tid å være president i eit så vitalt og spennande forbund som NROF. Nok ein gong takk for tilliten, og for privilegiet det er å ha dette unike tillitsvervet. Sidan sommaren har det hendt utruleg mykje spennande som påverkar forbundet.

PP ERIK GUSTAVSON

■■■ Det viktigaste er at Forsvarssjefen (FSJ) har lagt fram eit ambisiøst, vel formulera og godt underbygd fagmilitært råd til Regjeringa. Me skal støtte tilrådinga til FSJ. Samtidig skal NROF jobbe for å skape forståing for mogligheitene som ligg i ein god balanse mellom stadig tenestegjerande og reservistar, for å bidra til at både avkastning på investering, reaksjonsevne og evne til å operere over tid blir god.

Vi har også bytta generalsekretær. Det skjedde 1. september. Forbundsstyret er svært nøgd med korleis Erik på ein framifrå måte utviklar alt det gode Jørgen bidrog til å bygge opp rundt eit forbund som Forsvaret, medlemmane og samfunnet kan lite på, med tillit og relevans. Dette er moro og skal bli enda morosamare framover. Gled dykk!

Det er mykje spennande som skjer i forbundet, med høgt aktivitetsnivå innanfor fleire områder. Eg høyrer mykje positivt når eg reiser rundt i landet, både frå medlemmer, Forsvaret og andre. Det er bra! Saman med det eg ser med eigne augo og høyrer frå andre styremedlemmer og sekretariatet, er situasjonen svært positiv og oppmuntrande for framtida til NROF.

NROF vil framover jobbe opp mot Forsvaret og argumentere for at me utnytter den reserven me allereie har for å bygge opp Forsvaret så snøgt som mulig. Dette vil bidra til å bygge opp eit Forsvar i tråd med Forsvarssjefen sitt ambisjonsnivå for både evne til å reagere snøggare og å halde ut.

For å sitere president John F Kennedy. «Don’t ask what your country can do for you, but what you can do for your country».

På den andre sida er det viktig at ramane frå både Forsvaret og samfunnet i forhold til vilkår og anna er etablert. Då vert òg reservisten gripbar i fred, krise, jamvel som i krig når ein kan nytte lovgjevinga. Dette må adresserast i neste langtidsplan. Kontraktregimet er eit viktig element her.

Skal NROF være relevante for både Forsvaret og framtida sine reservistar må me på landsmøtet til neste år tenke godt gjennom kven som er framtida sine medlemmer i det flotte forbundet vårt. Skal vi halda fram med å berre ha offiserar og befal som medlemmar, eller skal vi òg gje tilbod til soldatane, som jo er den største gruppa i reserven?

Samtidig skal me sjølvsagt ha gode tilbod til den eksisterande medlemsmassen og vera ein plass der offiserar og befalet fortsatt kjenner at dei høyrer til.

NROF skal være eit aktivt og pågåande talerøyr mot sivile arbeidsgjevarar, enten han/ho er i privat eller offentleg sektor. Det er viktig å bygge aksept, forståing og støtte for at «twice the Citizen» ikkje berre har ein stor verdi for den einskilde reservist og Forsvaret, men at det også gjeld for organisasjonen eller bedrifta reservisten har sin sivile jobb i.

Dei erfaringane og kompetansen ein tileignar seg i militær teneste, bygger det enkelte individ på mange områder: praktisk, intellektuelt, mellommenneskeleg og ut i frå eit verdiperspektiv.

Mange arbeidsgjevarar betaler dyrt for ulike «eventaktivitetar» som ein får som ein integrert del av militær teneste. Min eigen arbeidsgjevar KONGSBERGGRUPPEN er naturleg nok positiv til Forsvaret. Ikkje desto mindre er mange av kollegaene min aktive i Heimevernet, og fleire og fleire i det høgre gradsnivået har motteke disponeringskort til teneste i hovudkvarter og avdelingar utanfor Heimevernet.
NROF har som ambisjon å nå fram med ein bodskap til dei sivile arbeidsgjevarane både i privat og offentleg sektor.

Når me nå går inn ein ny advent-, jul- og nyttårsperiode er det også tid til litt refleksjon. Me er privilegerte her i Noreg, generasjonane før oss og me sjølve har arbeida målbevisst, fornuftig og hardt for at landet vårt har vorte eit av dei beste landa i verda å bu i. Me nyt godt av fridom, eit liberalt samfunn, stor grad av likskap og fred.

Dette har ikkje kome eller kan oppretthaldast utan innsats, ressursbruk og kostnader. Me må faktisk jobbe for dette kvar einaste dag.

I vårt gjennomdigitalsera, globaliserte forbruksamfunn kan det være verdt å bruke den velsigna tida i desember til å dele nokre tankar om dette med familie og vener. 
Det er viktig å vedlikehalde og bygge forsvarsvilje kvar dag. No i desember kan me saman gi dette eit løft ved å spreie eit konstruktiv bodskap som ringar i vatnet. Til sommaren skal våre folkevalde ta stilling til den vidare utviklinga av vår aller viktigaste forsikring – det nasjonale Forsvaret.

Eg ser fram til ei roleg og gjevande julefeiring med familie og vener før eg starter ei heil NROF veke 
5. januar. Eg er så heldig at eg byrjer 2020 som elev frå NROF på Forsvarets høgskule sitt informasjonskurs. Ein verkeleg kickstart!

Fredeleg jol og eit velsigna godt nytt år til dykk alle! ■■■