Kjære reservistar og andre forsvarsvener!

PP/ JØRN BUØ, PRESIDENT I NROF

■ Det seinaste året har vore utruleg spanande for framtida til Forsvaret, reservistane si rolle og dermed Forbundet vårt som fyller 125 år i 2021. Det skal feirast, og planane er allereie på teiknebrettet.

Eg er av den meining at det er mange år sidan viktige aktørar og premissleverandører i sektoren har hatt så betydeleg offentlig positiv omtale av reservistar. Det er godt nytt! Takk til kvar og ein av dykk som bidreg til å fremja at fornuftig bruk av reservistar kan gi eit betre forsvar spesielt med tanke på evne til å halde ut med høgd beredskap over tid og betre avkastning på investeringane i både personell og materiell.

Det er to hovudgrunner til denne utviklinga etter mi oppfatning:
For det fyrste er det den aukande urovekkande utviklinga i tryggleikbileta både globalt og i våre nære område. Statsråden, så vel som Forsvarssjefen og Sjefen for Etterretningstenesta, har teikna eit forverra bilete av dette i fleire omgangar no i 2019.

Den andre grunnen kan me i NROF slå oss sjølv på brystet over. Det arbeidet og den innsatsen som over mange år har vore lagt ned frå Forbundet si side for å skape forståing for og fremja at klok bruk av reservistar kan utgjøre ein skilnad på gull- eller sølvmedalje (som er nederlag i denne samanheng) om nokon ønsker å teste ut vilja vår til å beskytte alt me er og alt me har. Takk til alle dei som har bidrege her.

Når desse to grunnane nå ser ut til å falle saman kan vi kanskje få ei såkalla «ketchupflaske» effekt. Tuten har vore tett i mange år, men no har me klemt så myke og hardt at heile lokket spratt av…

I starten på arbeidet med den nye langtidsplanen i departementet og forsvarsleiinga synes det allereie som ein inngangsverdi at det vil bli lagt vekt på reservistane si betydelige rolle framover. Det politiske bilete med tanke på prioritet til Forsvaret er ikkje glasklårt, men det er god von om at regjeringa vil forsette å satse på Forsvaret med ein ambisjon mot to prosent-målet.

NROF må no ikkje kvila på dei laurbæra me ennå ikkje har, men arbeide aktivt for at den nye langtidsplanen verkelig har tatt god høgde for det reservistane kan bidra med for å betre evna vår til å forsvare oss vesentleg.
På formannskonferansen i Stavern no i mai hadde vi avspark for arbeidet med Forbundet sin «Visjon 2030». Dette for å førebu at Landsmøtet 2020 kan ta dei vegvala som er nødvendige for at NROF skal være en relevant samarbeidspartnar og ressurs, samt at forbundet skal opplevast som en viktig arena for dagens og framtidas reservistar. Eg vil også nytte høvet til å takke alle deltakarane her for svært gode diskusjonar og innspel – det tydlige engasjementet lovar godt for framtida!

I NROF-leiinga er vi optimistiske med tanke på den neste langtidsplanen sitt innehald. Det inneber at vi no også må arbeide meir aktivt med tanke på korleis vi ser på oss sjølve, og dei framtidige potensielle reservistane i samfunnet av alle grader og kategoriar. Som det stend i vår nasjonalsong «Ogsaa vi naar det blir krevet». Vi må være budde på alle saman å arbeida aktivt for å motivere potensielle reservistar til teneste i Forsvaret og medlemsskap i det flotte Forbundet vårt.

Det er difor all grunn til anta at også resten av 2019 blir spanande for dei som er opptatt av Forsvaret og nasjonen si evne til å forsvare seg.

I september byrjar vår nye generalsekretær, generalløytnant Erik Gustavson. Eg, saman med resten av leiinga av forbundet, er svært nøgde og forventningsfulle over å få Erik med på laget. Det har vore ein svært god prosess med mange gode og kvalifiserte kandidatar, der den me i Forbundsstyret vurdera som best, takka ja til utfordringa. Reaksjonane etter at dette vart kjend har også vore svært gledelege både internt og eksternt. Slik eg vurderer totaleffekten av denne prosessen, bekreftar det at NROF er ein viktig og anerkjend aktør i den norske forsvarssektoren.

Når vår gode Jørgen forlét generalsekretærstolen etter åtte svært avgjerande år for NROF, skal han sjølvsagt takkas av på høveleg vis etter kvart. Fram til då vil han i vanleg stil gje full gass til han overlét roret til Erik. Eg vil likevel allereie no gje utrykk for at det har vore utroleg spennande, lærerikt og ikkje minst moro å arbeide så tett saman med ein svært kompetent og humørfylt energibunt som Jørgen Berggrav – og eg er svært takksam for dette.

Mi siste presidentgjerning i NROF før ferien er å delta på jubileum hjå NROF avd. Nordmøre i Kristiansund midt i juni. Det gler eg meg til. Besøk til lokale avdelingar er noko av det beste ved å vere president i NROF.

I avslutning på årets sumarhelsing tek eg med eit sitat frå min morfar kaptein (R) Olav O. Nomeland Sr. då ha overtok Evjemoen frå okkupantane i mai 1945:
«Byggja vårt land, og stå vakt om det i komande tider så bødlar og ransmenn aldri meir kan komme innanfor landets grenser, og at det norske flagget kan blafre fritt over landet vårt»

Då er det berre å ønske alle ein fredeleg og avslappa sumar der du får gjort det du lengtar etter heile vinteren. Eg vil også ynskje dei som skal til Nijmegen lukke til anten dei marsjerer eller er funksjonærar.

Pro Patria, god sumar!

JØRN BUØ, PRESIDENT I NROF